Visste du at?

Visste du at?

Du kan levera inn bøkene du har lånt, i kva bibliotek du vil:
Alle bibliotek i Norge er med i ei felles transportordning. Om du lånar ei bok i Nordheimsund når du er på hytta på Kvamskogen, kan du levera den heime i Øygarden.

Du kan returnera det du har lånt utanom biblioteka sine opningstider
I alle biblioteka i regionen har du høve til å levera lånt materiale utanom opningstida, enten gjennom luke i døra, eller i bokkassar plasserte utanfor biblioteklokalet

Du kan sjølv fornye bøkene dine via våre nettsider eller via sms.
Fornying via sms: BIB FORNY lånenummer til 2242. Tjenesten kostar kr. 2,-

Husk å lese meldinga du får tilbake nøye. Det er ikkje mulig å fornye fjernlånsbøker eller bøker andre ventar på. Du vil då få tilbake en tekst som seier f.eks.: 0 av 0 fornyet.

Fornying på nettside: Du treng lånenummer og pin-kode for innlogging. Trykk på "velkommen" og velg "mine lån"

Gløymt pin:
Trykk inn lånenummer og logg inn. Du får då opp alternativet: Ønsker du å få tilsendt ny pin. Skriv inn e-post-adressa di her.
Husk at e-post-adressa du fører inn må samsvare med den som du har registrert på biblioteket.