Lånehistorikk

Lei av å finne ut at du har lest same boka eller sett same filmen før? Her har du muligheten til å la biblioteksystemet automatisk lagre alle låna du gjer.

Ved å aktivere "Historikk" i Min side, vil systemet automatisk lagre alt materiale du lånar ved biblioteket. Du vil når som helst kunne sjå kva du har lese, høyrt eller sett, slik at du slepp å låne med deg samme tittel fleire gonger.


Slik slår du på historikk:

  • Logg inn på Min side med lånerkortnummer og firesifret PIN-kode
  • Klikk på menypunkt "Låner"
  • Skru på/marker boksen "Husk mine lån"
  • Alle låna du har og samtlige framtidige lån vil no bli huska av systemet.
  • Under valget "Mer" -  "Historikk" vil du no ha full oversikt over kva du har lånt tidlegare.

Logg inn ved å klikke på Min side til høgre på menylinjen øverst.