Våre tenester | Øygardsbiblioteka

Våre tenester

Våre tenester

Gratis trådlaust nett på alle biblioteka

Trådlaust nett

Spør etter passord i skranken.

 

Fjernlån

fjernlaan

 

Innlån

Biblioteket kan låna inn materiale vi ikke har sjøl. Personalet lokaliserar tittelen og ordnar med bestilling. Tenesta er gratis. Materiale som alt finst på eitt av  biblioteka, lånar vi som hovudregel ikkje inn.

Norgeslån

Norgeslån er ei teneste der du sjølv kan tinga materiale frå bibliotek andre stader og velja kva bibliotek du vil henta det på. Ver merksam på at ein del bibliotek ikkje lånar vidare t.d. nye og populære titlar, nye spel og filmar osv.

Bruk Biblioteksøk for å søkje i fleire bibliotek samstundes. 

Tenesta er gratis.

Spel i biblioteket

 

På biblioteka på Rong, Skogsvåg og Straume kan du spela Playstation, Nintendo DS, Wii U og x-box. 

Du kan spela mange ulike spel i biblioteket. For å låne spel må du ha lånekort. Du kan også låna nokre av spela med deg heim.

På biblioteket kan du også spele brettspel - alt frå sjakk og Scrabble til Ubongo og Settlers of Catan. Finn deg eit bord, ein medspelar og set i gong!

På Rong er det eit eige spelrom, på Skgsvåg og Straume kan du spela ute i bibliotekrommet.

 

Utskrift, kopi, skanning

På biblioteket kan du skriva ut og kopiera dokument, og skanna og senda til epost. Prisar finn du under Lånereglement