Bygdebøkene er på plass i innbyggjartorga. Her frå Skogsvåg.

Bygdebok for Fjell – siste band på plass

av Kari
20.11.20
Du kan kjøpe ho på Innbyggjartorga/biblioteka i kommunen.

Les meir om bygdeboka på Øygarden kommune sine nettsider her

Knapt eit år etter av Fjell kommune vart historie, er sjuande og siste boka i serien av bygdebøker fullført. Boka, som vart lansert i november, tar for seg allmennhistoria frå 1910 til 2019, altså godt og vel dei siste 100 åra.

Boka fortel om ei rivande utvikling, frå små tungdrivne gardsbruk tidleg i førre hundreår til fiskarbonden som vart oljearbeidar og invasjonen av bergensarar og andre innflyttarar dei siste ti-åra.

Forfattarar er Halvor Skurtveit og Gaute Losnegård.

Boka kan kjøpast på Innbyggjartorget i kommunane. Her er også dei seks første banda i bygdebokserien til sals, saman med den første bygdeboka som kom i 1970.

Alle banda i Sund-soga er òg å få kjøpt.

 

Sjå Digital lansering frå Bibliotekscena på Øygardsbiblioteka, Straume bibliotek her