Rebusløp i kystpassløypene
Rebusløp i kystpassløypene
Astrid og Asbjørn har vore ute og satt opp rebusar i kystpassløypene
Astrid og Asbjørn har vore ute og satt opp rebusar i kystpassløypene

Astrid og Asbjørn har satt ut tre rebusar i Øygarden kommune.

av Gro
30.06.22
Ver med og løys rebusane i tre av kystpassløypene.

I desse tre kystpassløypene finn du sommarles-rebusar frå biblioteka i sommar:

  • Storaskjenet– startpunkt ved Skogsvåg skule .

  • Larslibua (kyrjevegen Foldnes-Hjelteryggen) – startpunkt ved parkeringa på Foldnes (barnevogn- og rullestolvenleg)

  • Pardalsmyra – startpunkt på Turøyvegen.

Løyser du rebusen og klarar kodeordet, kan du komme innom biblioteket, sei kodeordet og hente ein premie. Postane vert hengt ut frå 25. juni og heng så lenge premiane rekk... NB – det kan vere ein fordel å vere med på sommarles, men det er mogeleg å løyse rebusane sjølv om du ikkje er «sommarlesar». Meir informasjon om sjølve løypene finn du i Kystpasset.

Tips: Ta bilete av kvar post, eller ta med noko å skrive med og på og noter på vegen, så blir det lettare å løyse kodeordet. 

Lykke til!

PS - post gjerne bilete på instagam #oygardsbiblioteka

 

Sjå filmsnutt om løypane her.