William Maxwell Som svaler kom de
William Maxwell: Som svaler kom de

Med spanskesjuka som bakteppe

26.06.20
Boka frå 1938 har ein aktualitet ingen kunne sjå føre seg for eit par år sidan.

William Maxwell:
«Som svaler kom de»

Som svaler kom dei og som svaler kvarv dei
Og sjå, kvinnas styrke og forstand er nok
så held svalene stødig kurs og rette lei,
så held dei saman i eigen flokk  
Dei stemner fram over høgste hei
Og i svevet er det tryggleik nok.

W.B. Yeats (norsk ved Sverre B)

Eg vedgår, William Maxwell var berre eit fjernt namn for meg før eg las « Som svaler kom de» Boka kom ut i 1938 og omtalar tida etter 1. verdskrig. På norsk kom den i 2018 (Pax forlag) 80 år etter at den vart utgjeven i USA.

Boka har ein aktualitet i dag som forlaget ikkje kunne sjå føre seg i 2018. Hundre år tidlegare, i 1918, gjekk 1.verdskrig mot slutten og rett etter følgde pandemien som fekk namnet spanskesykja. Den aggressive influensaen tok livet av mellom 50 og 100 millionar menneske. Dette er fleire enn tapet av menneskeliv i dei to verdskrigane til saman. Spanskesykja ramma barn og unge hardast. Og dei som overlevde, fekk ofte varige mein. Heilt utafor emnet mitt som er bokmelding, fortel eg at eg hugsar frå barndommen to kvinner, søstrer var dei, som hadde overlevd spanskesykja, men fått varige skader og var invalidiserte. Dei fekk ein strikkemaskin av kommunen. Det var den tida si sosialhjelp. Eg vaks opp med harde vintrar, men med solid undertøy frå jentene si strikkemaskin, heldt eg varmen gjennom dei kaldaste krigsåra.

Den livstruande influensaen er bakteppe i « Som svaler kom de» Parallellane til pandemien Covid 19 er mange og underleg aktuelle også i dag. Men boka handlar først og fremst om Elisabeth Morison, kvinna og mora i familien. Det er ho som held flokken i hope. Saman med mannen James og dei to sønene Bunny og Robert lever dei eit godt og trygt liv. Familien er ikkje dysfunksjonell på noko vis, dei lever eit vanleg liv i Midtvesten der mor Elisabeth er det nesten umerkelege midtpunkt. Men så når sjukdommen dei…

« Som svaler kom de» har henta tittel frå eit dikt av W.B. Yeats. Eg har våga meg frampå med ei oversetning / attdikting til norsk.

 

  

Materiale