Bibliotekets litteraturpris

Bibliotekets litteraturpris: Les og stem på dine favorittar

av Gro
07.07.22
Folkebiblioteka i Noreg lanserer no bibliotekets litteraturpris - ein bokpris lesarar og bibliotekansatte stemmer fram saman.

Lånarar og lesarar kan bli med og avgjerde kva bok som skal få bibliotekets litteraturpris for aller første gang. Les dei ti nominerte bøkene og stem på dine tre favorittar innan 24. oktober på Bibliotekets litteraturpris

Prisen skal gå til ei bok for vaksne som er utgitt på norsk dei siste fem åra. Det er bibliotekarer frå dei åtte største folkebiblioteka i landet som i ein lang nominasjonsprosess har kommet fram til ein kortliste på ti bøker. Sjølve prisen er ein statuett som er formgjeven  av den anerkjende kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen. Vinnaren hedrast 24. november på Bærum bibliotek.

 

De nominerte bøkene

 

«Lånerne våre er landets fremste lesere. Nå får de muligheten til å stemme fram den beste litteraturen på norsk», sier Merete Lie, avdelingsdirektør ved Deichman Bjørvika, på vegne av initiativtakarane.

 

Initiativet til Bibliotekets litteraturpris kjem frå folkebiblioteka Deichman (Oslo)Bergen offentlige bibliotekSølvberget (Stavanger)Trondheim folkebibliotekKristiansand folkebibliotekTromsø bibliotekDrammensbibliotekene og Bærum bibliotek. Prisen delest ut for første gang i 2022, og skal heretter deles ut årleg. Alle bibliotek i Noreg er invitert til å vera med på denne årlege lesekampanjen som startar no.