"Vidunderbarn" av Roy Jacobsen kom ut i 2009.

Ut av hylla

av Gro
24.03.21
Det kan vere kjekt å hente fram ei eldre bok frå hylla av og til. Prøv denne:

 «Vidunderbarn» av Roy Jacobsen.

 I «Vidunderbarn» møter vi guten Finn og mora, som bur i eit burettslag på Årvoll i Oslo på byrjinga av 60-talet. Ein dag flyttar ei lita jente inn til dei, det er halvsøstera til Finn, som han ikkje har visst om fanst. Ei dotter far hans fekk med ei anna kvinne enn mora hans før han døydde i ei arbeidsulukke. No vil mor hans ta til seg den vesle jenta fordi den biologiske mora  ikkje er i stand til å ta seg av ho.

Halvsøstera Linda snur heilt om på det trygge tilværet til Finn, og tida er komen for at han må vise kva han er laga av. Han er ein skuleflink og samvitsfull gut som er opptatt av at reglar skal følgjast, men må no lære den vonde leksa at samfunnets reglar langt frå alltid er rettvise og lette å forstå.

Roy Jacobsen er ein av våre verkeleg gode forteljarar. Denne fine barndomsskildringa kom ut i 2009 og vart ein bestselgjar den gongen. Ho er ikkje lang, men språkmeisteren Jacobsen kan verkeleg få sagt mykje mellom orda, og.