Mørke år

17.07.23
Bjørn Westlie: «Mørke år» om Norge og jødene på 1930-tallet

9. april 1940 ligg 83 år bak oss. Det tynnest ut i rekkene av oss som minnest krig og okkupasjon i eige land.
Men rekka av bøker som har 2. verdskrig som bakgrunn, tynnest så visst ikkje ut. Berre i år (2023) finn du fleire nye av sorten, berre spør på biblioteket.
Som til dømes «Mørke år», skrive av historikaren Bjørn Westlie. Han hadde ein far som var nazist og frontkjempar. Boka «Fars krig» fortel om Petter Westlie som deltok i det tyske felttoget mot Sovjetunionen. Avdelinga hans dreiv systematisk jødeutrydding i Ukraina.
I den siste boka « Mørke år» tek Bjørn Westlie for seg jødehatet i Norge på 1930- talet. Det er til å undre seg over, korleis kunne dette folket bli så forakta og diskriminerte i Norge når vi veit at landet var mest utan jødar? På 1930-talet  budde det ikkje meir enn eit par tusen jødar i Norge. Dei hadde norsk statsborgarskap, men vart aldri aksepterte som norske. Dei fleste av desse få fann vi i Oslo og Trondheim. Så var det nokre spreidde rundt i landet, mellom anna nokre i Bergen. (Møhlenpris-jødane)
Men Westlie dokumenterer at leiande og riksdekkande aviser var fulle av hat og hets mot jødane heilt frå 1920-talet. Verst var Aftenposten og bondebladet Nasjonen. Dette har vore kjent stoff lenge, men Westlie viser at det slett ikkje var sporadiske overtramp, men systematisk antijødisk propaganda og spreiing av dei mest vulgære karakteristikkar og konspirasjonsteoriar om jødefolket, følgt opp av hyllest og beundring av nazismen og Hitler.
Boka tek og føre seg kva skjebne dei fekk, dei få jødane som overlevde krigen, då dei vende tilbake til eit fritt Norge. Hatet var ikkje gløymt, uretten mot dei var omfattande. Dette er godt dokumentert i rapportar og bøker.   
Alle vi som vaks opp med forteljinga om den edelmodige norske kampen for fridom og rettferd, har godt av å lese bøker som «Mørke år» 
Og nye generasjonar har krav på at vi fortel sanninga om den nære historia vår. Du finn mykje til å vere stolt av, men også forteljingar som er til å kjenne botnlaus skam over.        

Omtalen er skrive av Sverre Bungum