Foto: Hreinn Gudlaugsson. Eget verk

Gul ubåt av Jon Kalman Stefansson

02.05.24
Gul ubåt av Jon Kalman Stefansson. Omtalen er skrive av Sverre Bungum

Stefánsson si siste bok skil seg markant ut frå tidlegare romanar frå den islandske forfattaren, men har like fullt solide dosar av litterær tradisjon frå vulkanøya: Forteljargleda om det utrulege, det umogelege, det ufattelege og det burleske. I eit slags forord skriv forfattaren:

«På de neste sidene skal vi reise i forskjellige retninger og stanse opp på ulike steder.» Så visst og sant.

Det er nok eit slags sjølvportrett. Den 7 år gamle raudhåra guten opplever kva som skal komme til å prege livet hans for alltid, mor hans døyr før ho rakk å lære han å spele «Yellow Submarine» på munnspel og Beatles vert oppløyst.

Guten legg seg til med bibel-lesing, men finn ingen svar, berre spørsmål. Dei tek han med seg på søndagsskulen og plaga livet av både lærar og organist.

Han les og lærer i Det gamle testamentet at Gud er forunderleg småleg og ein skikkeleg vriompeis.

Guten vert vaksen, men den raudhåra 7 åringen er den same heile tida. Det er også faren i den slitne Trabanten. Han køyrer rundt med Johnny Cash og Gud i baksetet. Dei har ei vodkaflaske mellom seg medan dei skrålande syng gamle sjømannsviser om jenter i kvar hamn.

Og 80 år gamle Paul McCartney sit derimot i parken under eit eiketre og snakkar i telefonen med nokon, truleg Harrison. Let it Be.

Slik held det fram. Same kva bisarre hendingar den vaksne mannen vert utsett for, så er den raudhåra guten også der. Og historiene er mange.

Stefánsson er frå Keflavik. Under oppveksten var biblioteket  Stefánsson sin andre heim. Han fortel at på utedøra heng det eit skilt med slik tekst:

Helvete er ein stad utan bibliotek.   

Sverre Bungum