Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Boklansering med Joakim Svarstad

Joakim Svarstad gir ut diktsamlinga «Svarte dråper». I den anledning blir det boklansering den 18. februar på Straume Bibliotek..

Joakim har fylt livets ryggsekk til randen med erfaringar frå oppveksten med høyreapparat, raudt hår og mobbing.

Han seier sjølv at: «Å spasere inn på Svelgen skule med rødt hår og frekner, kan samanliknast med å spasere inn i krigen med q tips som våpen».

Seinare i livet opplevde han alvorleg sjukdom, lange sjukehusopphald, operasjonar og etter kvart mange år som rusmisbrukar. Men sekken inneheld også djupe vennskap, kjærleik, humor, viljen til å kjempe og viljen til å overleve. Joakim er opptatt av å formidle mennesket bak fordommane og dette kjem godt fram i dikta hans.

Lanserings-kvelden byr på musikkinnslag, diktlesning av forfattaren og god stemning.

«Narkotika»

Eg ville berre vere mindre, derfor tok eg meir.
JVS