Om dette arrangementet
Adventskalender på nett
I år har vi erstatta den tradisjonelle juleverkstaden med ein digital julekalender på instagram og facebook. Her serverer vi tips om heimelaga julepynt, julemat, musikk, film og god julelitteratur. Noko av det ein kan finne bak lukene så langt er tips om adventsbøker, oppskrift av perle-snøkrystallar og korleis ein kan lage ein stjernegirlander av gåvepapir og gåveband.
1. veka i desember: Bak ei luke skjula det seg ei enkel oppskrift på spiseleg gåve,(fresspaket), ein kan lage. 1. og 2. søndag kan ein vere med på tenning av adventslys og lytte til Kari som les Inger Hagerup sitt dikt «Adventslysene». Bak luka på Walt Disney sin bursdag fekk vi tips om nokre gode teiknefilmar for heile familien. Måndag stod Kenneth for måndagsmusikk, og denne måndagen tipsa han om juleBruce.
2. veka i desember:
Bak luke 8 skjulte det seg lesetips av ein gamal og ein nyare juleklassikar. Bak luke 9 fekk vi læra korleis vi kan lage ein sokkesnømann, (supert for dei som har mange single sokkar i skuffene sine). 10. desember vart Nobelprisen i litteratur delt ut. Vi gratulerte vinnaren, Louise Glück, og tipsa om boka hennar som er å få tak i på norsk; "Averno". Den 11. desember tipsa vi om ei rekkje bøker ein kan låna både i bok og filmformat hos oss. 12. desember var dagen før St. Lucia-dagen, og her kunne ein få ei kjempedeilig oppskift på Lussekattar. 13. desember var det tid for å tenne det tredje adventslyset og lese det tredje verset i diktet "Advendtslysene" av Inger Hagerup. Måndagen var det klart for meir julemusikk og vi fekk spelelista "Julemusikk vol. 1".
3. veka i desember.
Bak lukene i den tredje veka i adventkalenderen vår har vi fått biblioteksjefen si oppskrift på tradisjonell lammerull. I luke 16 har vi fått oppskrift på korleis ein skal lage nydelege julestjerner i papir. Bak luke 17 og 18 har vi lært å lage deileg suppe og julesnack frå Litauen, og bak laurdagens luke den 19., fekk vi presentert juletradisjonar rundt skittensøndag. Den fjerde søndagen i advent tente vi det fjerde lyset og leste det fjerde diktet i «Adventslysene» av Inger Hagerup. Måndag fekk vi meir julemusikktips. Dei to siste to dagane før den store dagen la vi ut ein liten julehefteskatt og ein kahoot. Denne kan spelast frem til julaftan kl. 12., og ein kan vere med i trekning om ei bokgåve. Kanskje er det boka du ynskjer deg til jul, men som ikkje ligg under treet? Vi kårer ein vinnar i romjula.
Mykje av det materialet vi tipsar om, kan lånast på biblioteket og noko av det kan du finne digitalt på appen Bookbites. Vi har ei rik samling julebøker ein kan hente julestemning og inspirasjon frå.
Følg oss på instagram; oygardsbiblioteka og facebook; Øygardsbilbioteka, for dei komande julelukene.
God advent frå biblioteket