Vestlandshus-utsnitt av fotografi av Oddleiv Apneseth
Vestlandshus-utsnitt av fotografi av Oddleiv Apneseth

Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Vestlandshus-boka om det særmerkte vestnorske våningshuset

Velkomen til å få høyra meir om vestlandshuset

Hausten 2020 kom den vakre boka Vestlandshus i handel. Denne kvelden vert det høve til å høyre forfattar Eva Røyrane fortelje om det vestlandske våningshuset, medan fotograf Oddleiv Apneseth viser bilete frå boka.

 

Frå forlaget Skald sin omtale av boka: "Radarparet Eva Røyane og Oddleiv Apneseth har tidlegare hatt stor suksess med bøkene Norges låver, Av stein og Klyngetunet. No har dei leita langs kysten frå Jæren til Sunnmøre på jakt etter vestlandske våningshus der det framleis bur folk, og somme stader leikar barn på lemen. I Vestlandshus. Våningshus frå Jæren til Sunnmøre fortel dei historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet hadde blitt eit landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun. Med tida er dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att finst i dag i svært ulik framtoning. Nokre har blitt ståande lenge utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er ombygde både ut- og innvendig. I boka viser Røyrane og Apneseth også variantar av dei attståande vestlandske våningshusa der gammal byggeskikk møter ny arkitektur, og vi får døme på korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad."

Promoteringsfilm Vestlandshus

Forfattar Eva Røyrane (f.1956) bur i Ølve i Kvinnherad. Ho har vore journalist i Bergens Tidene og jobba før det i NRK. Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende, men har lenge jobba som frilansar. Sidan 2013 har dei to jobba saman med kulturhistoriske prosjekt som har resultert i desse bøkene: Norges låver (2014), Av stein (2017), Klyngetunet - den norske landsbyen (2018) og no den om vestlandshus, alle på Skald forlag.

Arrangmentet er i samarbeid med Fylkeskommunen og Folkeakademiet i Hordaland

 

Tidlegare i haust inviterte biblioteket Sotra fotoklubb til å gjere eit lokalt prosjekt som responderte på tematikken i arrangementet og boka «Vestlandshus». Fotoklubben tok utfordringa, og dei 22 medlemane har vore på leit etter interessante motiv av bygningar her ute. Resultatet er ein serie fotografi som har som fellesnemnar at dei på ein eller annan måte viser korleis tida har sett sitt spor på dei fotograferte bygningane. Utstillinga vil vare ut året.