Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 19:45
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Møt Therese Eide - teikneserieskapar og teikneseriemammabloggar

Denne kvelden får vi fortalt og demonstrert korleis Eide jobbar.

Therese G. Eide frå Hjelteryggen fekk 3 barn på 21 månader. Livet blei snudd på hovudet og ho gjorde som einkvar moderne mor ville gjort - byrja å blogge om det. Teikneseriemammabloggen "Intet nytt fra hjemmefronten" vart fødd, og i dag går avisutgåva av bloggen i aviser over heile Norge. Bli med på ei innføring i korleis Eide sjonglerer livet som trebarnsmor og teikneserieskapar, og korleis ei tegneseriestripe blir til. Kor selvbiografisk er det heile? Korleis får du 27 idear kvar eineste månad? Og kor utleverande kan ein vera før mann og barn seier fra?

Det er inga påmelding og arrangementet er gratis.

Velkomen!