Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 14:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Vi elskar pinnar!

Alle barn elsker pinnar! Kifor er barn så glade i dei? Kvifor har vaksne gløymd verdien av dei? Kva er definisjonen på ein pinne? Kor mange pinnar klarer barn å samle saman på fem minutt? Finst det berømte pinnar, og korleis har dei endra verdshistoria?

Har du også eit barn heime som gjerne vil plukke opp alle pinnar degår forbi? Då er draumedagen her! Vi får besøk av forfattar Kristin Storrusten, som har skrive den fantastiske boka" Jeg elsker pinner!" Ho jobbar til dagleg som journalist i Aftenposten Junior og lar seg sjeldan vippe av pinnen. Det blir morsomme, tullete og rare historiar om alt pinnar kan nyttast til, berømte pinnar og mykje anna gøy. La barna ta med sin favorittpinne på biblioteket, for etterpå skal vi pynte dei på verkstaden vårt. Velkomen til: Pinnedag!

Kl.12 fortel Storrusten oss om alt og ingenting vi kan bruke pinnar til, og fram til kl.14 kan du pynte din eigen pinne.
Arrangementet passer for heile familien.