Om Straume bibliotek

..

Straume bibliotek ligg på Sartor storsenter. Du finn oss på høgre side når du kjem inn inngang A i Glassgården. 

På biblioteket kan du låna bøker, tidsskrift, lydbøker, film, musikk m.m.

Du finn aviser og du får tak i kommunal og statlig informasjon.

Du kan nytta leseplassar og møterom.

Vi har mange pc-ar til utlån og gratis trådlaust nett.

Biblioteket har mange arrangement, både på dag- og kveldstid.

Straume bibliotek har ei egen pedagogisk avdeling. Pedagogisk avdeling finn du innerst i biblioteket. Det er stadig trong for god og oppdatert skulefagleg kompetanse - like vesentleg er innsikt i og kunnskap om jva som fører til læring. På pedagogisk avdeling finn du inspirasjon og ideer som kan vere til nytte i ditt daglege arbeid med born i skule eller barnehage.