Hønsegård
Hønsegård
Hønefar
Hønemor
Hønemor

Konkurranse: Kor mange kyllingar?

av Gro
14.04.21
Vi rugar fram kyllingar i biblioteket! Denne veka vert egga klekte. Kor mange kyllingar trur du at vi får?

På biblioteket på Straume rugar vi fram kyllingar i rugekasse. I to veker har vi følgd prossessen. Og denne veka skal det skje. På slutten av veka skal dei første kyllingane kikke fram. Kan tru me er spente!

Vil du vere med å gisse kor mange kyllingar som kjem ut av egget? Då kan du melde deg i skranken på biblioteket på Straume. Det er også mogeleg å vere med på konkurransen på Facebook-sida vår, eller på Instagram. (#oygardsbiblioteka)

Tidlegare i vår fekk biblioteket befrukta hønseegg. Dei siste vekne har dei lagt til klekking i rugemaskinen vår i biblioteket på Straume. Det er islandske høner vi har motteke egg frå og vi ventar spent på å få levande kyllingar ut av dei.

På bileta her ser du både mor og far fotografert på hønsegården. Kjem det kyllingar, skal dei tilbake til småbruket dei kjem frå når dei er klekt. 

Maskina sørgjer for å halde den rette temperaturen for egga, og vi vender dei med jamne mellomrom. Prosessen kan du følgje i biblioteket om du vil. Tør du gjette kor mange kyllingar vi får?

Rugemaskina er ein del av den pedagogiske samlinga vår i Straume bibliotek. Den er til utlån til skular og barnehagar.