Gro Lygre Petersen Posebiblioteket
Gro og resten av gjengen på Øygardsbiblioteka er glade for at me no kan pne att. Foto: Magne Reigstad
Anders Mongstad Posebiblioteket
Anders på plass for å ønskje publikum velkommen tilbake til biblioteket.

Øygardsbiblioteka i sommar

av Kari
27.05.20
Her finn du opningstider og informasjon om smitteverntiltak.

Alle dei tre biblioteka i Øygarden er no opne.
Grunna smitteverntiltak vert det noko reduserte tenester og redusert opningstid.
På Straume vert biblioteket stengt i veke 28 pga ombyggjingsarbeid. Men resten av sommaraen er biblioteket ope måndag, tysdag, torsdag og fredag, medan det på Rong og Skogsvåg berre vert ope torsdag og fredag.
Ein del av tenestene vert ikkje tilgjengelege i sommar: Lesesalar, ungdomsrom og spelerom er stengde. Me tar ikkje imot klassebesøk eller andre store grupper. Det vert berre to publikums-pc’ar tilgjengelege på kvart bibliotek, og me oppfordrar til korte besøk. Bruk utlånsautomatane på biblioteket til å levere inn og låne bøker. (Husk lånekort!)

Sommarles også i år

2. juni vart lesekampanjen Sommarles sett i gong. Me håpar mange barn vil nytte sommaren til å lese. Kom gjerne innom biblioteket for å låne bøker og hente premiar, men me oppmodar føresette til å følgje borna så sant dei har høve til det. 

Opningstider på Øygardsbiblioteka i juli:

Straume:
Måndag, tysdag, fredag: 11-16
Torsdag: 11-19
Laurdag: Stengt

Straume er heilt stengt i veke 28 (6.-12. juli)

Rong og Skogsvåg:
Torsdag: 12-19
Fredag: 10-16

Vanlege smittevernreglar gjeld på biblioteket:
Hald avstand, ha god handhygiene (det vert handsprit tilgjengeleg i alle biblioteka), hald deg heime dersom du har luftvegssymptom. Følg elles oppslag i biblioteka. Folkehelseinstituttet har vurdert smittefaren i bibliotek og seier at faren for indirekte smitte frå bøker og anna materiale er lav. Det er derfor ikkje nødvendig med karantene for innlevert materiale.

Posebibliotek og Torsdagskveiken
I perioden biblioteket har vore stengt, har me hatt tilbod om å bestille bøker, filmar etc. og hente på dei tre biblioteka. For dei som helst ikkje vil komme inn på biblioteket, vil dette tilbodet framleis vere der. Me vil også halde fram med den digitale arrangementsserien Torsdagskveiken frå Bibliotekscena til og med 11. juni. Du finn lenkje til fleire av sendingane på heimesidene våre, under Aktuelt.

Der fin du og lenkje til digitale lesestunder til barn, og sjølvsagt også boktips frå tilsette ved Øygardsbiblioteka. 

 

God lesesommar!