sommarles
Hugin og Ratatosk

Over ein million sider!

av Kari
31.07.20
Smak på det talet.  Over ein million boksider. Det er så mange boksider dei som er med på Sommarles i Øygarden har lese. Hittil!

Ein million boksider – det blir over ti tusen bøker!

Fantastisk innsats frå alle som er med. Munin og Ratatosk er imponerte! Og enno er det lenge att. I fjor las de over elleve tusen bøker. Det var ny rekord. Kanskje blir det ny  rekord i Øygarden i år også? La oss gå for det!

Sommarles varer heilt til 31. august.

PS - Ikkje gløym Sommarles-festen. Han vert i Fjordparken på Rong 19. september. Meir informasjon vil komme.