
Alle må ta sine forhåndsreglar i desse dagar.
Opne bibliotek i Øygarden
av Kari
23.02.21
Her er reglane som gjeld frå 22. februar:
Alle tre bibliotekavdelingane til Øygardsbiblioteka er opne og har vanleg opningstid.
Les meir om opningstidene her
No er det dei nasjonale smittevernråda som gjeld i Øygarden kommune.
På biblioteka på Rong, Skogsvåg og Straume oppmodar me brukarane våre til å:
- Halde avstad. Minimum 1 meter. 2 meter dersom ein skal opphalde seg i biblioteket i lengre tid.
- Nytte handspriten som er sett ut i biblioteklokala.
- Bruke munnbind.
- Publikums-pc'ar og kopimaskiner er tilgjengelege, men berre til nødvendige gjeremål.
- Det er høve til å bestille møterom, men den ansvarlege for møtet har ansvar for at smittevernreglane vert haldne.
- Alle som skal nytte pc'ar, møterom etc. blir bedne om å legitemere seg og leggje att kontaktinformasjon i skranken.
- Det er høve til å lese aviser, men bruk handsprit både før og etter lesinga.
Me oppmodar lånarane til å ta med LÅNEKORT og bruke AUTOMATANE for å begrense kontakten og halde avstand.
Me ber om forståing for restriksjonane. Biblioteka kan blir stengt på kort varsel dersom smittesituasjonen endrar seg.
Velkommen til Øygardsbiblioteka.