Alle må ta sine forhåndsreglar i desse dagar.

Korona: Ope for utlån og innlevering på biblioteket

06.11.20
Grunna koronasituasjonen vert det redusert tilbod på biblioteka på Rong, Skogsvåg og Straume.

Fram til 6. desember er det berre høve til å låne og levere bøker og anna materiale på dei tre Øygardsbiblioteka. Det er berre lov med korte opphald for å låne eller levere bøker. Andre tenester er stengt.

Dette er det som gjeld:

  • Publikum kan låne og levere bøker, filmar etc.
  • Bruk utlånsautomatar til lån og innlevering. Bokkassar utanfor biblioteka kan også nyttast til innlevering.
  • Ha med lånekort
  • Det er kun tillatt med korte opphald i biblioteket
  • Det er ikkje høve til å bruke leseplassar eller andre sitjegrupper i biblioteket. Det er heller ikkje høve til avislesing.
  • Ein publikumspc er tilgjengeleg. Frå denne er det mogleg å senda inn søknader til kommunen.
  • Dersom du MÅ ha ein kopi, må du sende dokumentet på epost til biblioteket, så kan me ta utskrift.
  • Alle arrangement er avlyst
  • Publikumstoaletta er stengt
  • Dei som ikkje føl smittevernreglane kan verte bortvist frå biblioteket

Ver merksam på at eit eller fleire av biblioteka/innbyggjarservie kan verte stengt på kort varsel dersom smittesituasjonen i kommunen forverrar seg eller nokon av dei tilsette må i karantene.

Tilbodet på innbyggjerservice er avgrensa til å informere og rettleie om kommunale tenester.

Lån gjerne e-bøker på bibliotekappen Bookbites

Øygardsbiblioteka oppfordrar alle som besøkjer oss til å halde avstand og bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst ein meters avstand

TA VARE PÅ KVARANDRE OG LES EI GOD BOK