
Alle må ta sine forhåndsreglar i desse dagar.
Korona: Nesten normal drift på biblioteka
av Bente
07.12.20
Frå 7. desember lettar Øygardsbiblioteka på koronarestriksjonane.
Du kan bruke lengre tid i biblioteket og du vil få høve til å bruke pc’ar og ta kopiar.
På Rong og i Skogsvåg vert det og mogeleg å lese aviser så lenge kravet om 2 meters avstand vert følgt. På Straume vert avis- og tidsskriftkroken førebels IKKJE OPNA.
Publikumstoaletta er stengt.
Me oppfordrar lånarane våre til:
- Bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst 1 meters avstand
- Bruke sjølvbeteningsautomatane til utlån og innlevering. Ha alltid med lånekort.
- Dersom du vil bruke møterom, må du registrere deg med namn og mobilnummer i skranken. Det gjeld og dei som nyttar leseplassane i biblioteka.
- Dei som nyttar publikums-pc’ane må registrere namn og mobilnummer i skranken.
- Dersom du ikkje vil gå på biblioteket, kan du låne e-bøker på bibliotekappen Bookbites
Øygardsbiblioteka oppfordrar alle som besøkjer oss til å halde avstand og bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst ein meters avstand