Utstillinga"Hus med spor av tid" visast i biblioteket ut året
Utstillinga"Hus med spor av tid" visast i biblioteket ut året

"Hus med spor av tid" - fotoutstilling i biblioteket

av Gro
22.11.21
Velkomen til utstillinga "Hus med spor av tid" av Sotra fotoklubb

Tysdag 23. november, same kveld som vi har føredraget «Vestlandshus»,  opnar me ei ny fotoutstilling i utstillingsboksen vår på Straume bibliotek. Tidlegare i haust inviterte biblioteket Sotra fotoklubb til å gjere eit lokalt prosjekt som responderte på tematikken i arrangementet og boka «Vestlandshus».

Fotoklubben tok utfordringa, og dei 22 medlemane har vore på leit etter interessante motiv av bygningar her ute. Resultatet er ein serie fotografi som har som fellesnemnar at dei på ein eller annan måte viser korleis tida har sett sitt spor på dei fotograferte bygningane. Utstillinga vil vare ut året.

Sotra fotoklubb er ei gruppe på 22 fotoentusiastar som treffest ein gong i veka i lokala til Øygardsbiblioteket.