Stjerneskudd foto pixabay.jpg
Stjerneskudd foto pixabay.jpg

Biblioteka over jul og nyttår

av Kari
28.11.20
Vi takkar alle våre lånarar og samarbeidspartnarar for dette merkelege året vi no snart har bak oss. Me gler oss til å ynskje alle velkomen til biblioteka i det nye året som kjem.

 

Julafta og nyttårsafta er det stengt på alle tre biblioteka. Rong og Skogsvåg har stengt også i romjula, men biblioteket på Straume har vanleg opningstid.

Øygardsbiblioteka følgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernråda i kommunen

Det er no nesten normal drift i biblioteka og du kan bruke lengre tid i biblioteket og du vil få høve til å bruke pc’ar og ta kopiar. 

På Rong og i Skogsvåg vert det og mogeleg å lese aviser så lenge kravet om 2 meters avstand vert følgt. På Straume vert avis- og tidsskriftkroken førebels IKKJE OPNA.

Publikumstoaletta er stengt.

Me oppfordrar lånarane våre til:

  • Bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst 1 meters avstand
  • Bruke sjølvbeteningsautomatane til utlån og innlevering. Ha alltid med lånekort.
  • Dersom du vil bruke møterom, må du registrere deg med namn og mobilnummer i skranken. Det gjeld og dei som nyttar leseplassane i biblioteka.
  • Dei som nyttar publikums-pc’ane må registrere namn og mobilnummer i skranken.
  • Dersom du ikkje vil gå på biblioteket, kan du låne e-bøker på bibliotekappen  Bookbites

Me vil informere om evt. endringar.
Ein eller fleire bibliotekavdelingar kan bli stengt på kort varsel ved smitte.

Men noko er framleis lov:

låne bøker, filmar og cd’ar, bruke den elektroniske bibliotektenesta BookBites og andre digitale tenester.

Dei digitale Øygardsbiblioteka finn du her:
Øygardsbiblioteka - heimeside

Søk i biblioteket si samling, og bestill bøker her:
Søk i biblioteket si samling

eller last ned appen Bibliofil
Elektroniske bøker og lydbøker finn du i appen BookBites

Facebook:

Facebook Oygardsbiblioteka

Følg oss på Instagram:

Oygardsbiblioteka

Velkommen innom biblioteket!