Mange unge ser skadeleg innhald på nett - kva gjer vi? | Øygardsbiblioteka
på nettet
på nettet

Mange unge ser skadeleg innhald på nett - kva gjer vi?

11.02.20
Ein av fire norske ungdommar mellom 13-18 år har sett skadeleg eller valdeleg innhald på nett det siste året. Kva kan vi vaksne gjere for å hjelpe dei unge til å bli trygge og kritiske mediebrukarar? – Vis interesse, er det sterkaste rådet.

Alarmerande tal
Barn og medium-undersøkinga 2020 frå Medietilsynet visar at svært mange unge har sett skadeleg innhald på nett det siste året. Medietilsynet har samla inn data anna kvart år om barn og unge sin mediekvardag sidan 2006. Første delrapport frå 2020 kjem i samband med den internasjonale Safer Internet Day 11. februar. Direktør Mari Velsand i Medietilsynet seier dei nye tala er alarmerande. Ho meiner at ulike aktørar bør samarbeide om ein nasjonal strategi for barn og media, i tillegg til at dei som står bak verktya må ta større ansvar.

Undersøkinga visar mellom anna at:

  • 43 prosent har sett skremmande eller valdeleg innhald, til dømes skading av andre menneske eller dyr
  • 43 prosent har sett hatmeldingar eller diskusjonar som angrip bestemte grupper eller enkeltpersonar
  • 34 prosent har sett innhald eller diskusjonar som handlar om måtar å vere svært tynn på
  • 30 prosent har sett innhald eller diskusjonar relatert til måtar å skade seg sjølv fysisk på

Frå: https://medietilsynet.no/

Kva gjer vi?
Å ruste barn til å bli kompetente mediebrukarar er ei omfattande oppgåve. Medietilsynet gir ut ei rekkje rettleiingar om barn og unge sin mediebruk. Anten du er forelder, lærar eller ein annan vaksen er målet med rettleiingane å gi kunnskap og råd, og samstundes verne barna mot skadeleg innhald.

Det finst ikkje ein enkel fasit på alle spørsmål, men kan hende finn du tema til samtalar du kan ta?
 

Råd til vaksne
Mange barn i Noreg nyttar sosiale media, også før aldergrensa. Kva bør du som vaksen vete om mediet, og kva bør du snakke med barna dine om når dei går i gong? I rettleiinga «Skal - skal ikke… Barnet mitt på sosiale medier. Dette trenger du å vite» står det forslag til tema du kan diskutere med barnet. Til dømes; Kva er greit og ikkje greit å seie på nett når ein kommenterer bilder og statusoppdateringar, og kvifor? Kva kan ein dele, kva bør ein ikkje dele og kva gjer ein om ein opplever noko ubehageleg?

Det er også ei rettleiing særskild om spillbruk, ei om nettmobbing og fleire undervisings- og diskusjonsopplegg for ulike aldersgrupper og vaksne om digital dømmekraft på ulike måtar.

Her finn du rettleiingane om barn og medier samla.

 

Råd til barn og unge

Du bestemmer er ein nettressurs om personvern og digital dømmekraft for barn og unge mellom 9 – 18 år, drevet av Utdanningsdirektoratet og Datatilsynet. For aldersgruppa 13 – 18 år kan ein mellom anna finne råd om hatprat, digital krenking og utpressing.  Nettressursen har mange diskusjonsoppgåver og filmar, i tillegg til artiklar.

Det er viktig å få fram til barn og unge at dei må seie i frå til nokon om dei opplever uønska hendingar på nett. Kors på halsen er Røde Kors sitt samtaletilbod for alle opp til 18 år der ein kan ringe, maile eller chatte for å få snakke med ein vaksen ein kan stole på.  
 

Vis interesse
NRK har spurt psykolog Hedwig Montgomery om kva vaksne bør gjere når vi veit at så mange unge får med seg valdeleg og skadeleg innhald på nett. Ho seier at interesserte vaksne er den beste motgifta til negativ påverknad. Ho rådar foreldre til å vise interesse og ta kontakt med ungdommen om det dei held på med på nett, utan å vere fordømmande (kjelde: NRK «Alarmerande funn om valdeleg innhald på nett» 10.02.20).