Augustprisen Enquist
Per Olav Enquist har motteke prisen to gongar. I 2009 fekk han den for sjølvbiografien “Et annet liv”.
Augustprisen Andersson
Lena Andersson mottok prisen for “Retsstridig forføyning” i 2013.
Augustprisen Khemini
“Alt jeg ikke husker” av Jonas Hassan Khemiri vann prisen i 2015.

Augustprisen: Vilken underbar läsning

av Anonym (ikke bekreftet)
09.06.21
Kjenner du til svenske prisvinnarar? Få tips til store leseopplevingar blant vinnarane av den høgthengande Agustprisen til Svenska Förläggareföreningen.

Når ein ser gjennom lista over kven som har vunne Augustprisen for beste skjønnlitterære romanar, er det lett å bli varm om hjartet. Her er dei alle saman: frå dei gamle meistrane Kerstin Ekman, Torgny Lindgren, Per Olov Enquist og Göran Tunström til dagens forfattarar som Marit Kapla og Jonas Hassen Khemiri.

Dei store forteljingane

Svenska Förläggareföreningen har delt ut Augustprisen (augustpriset.se) til beste svenske skjønnlitterære roman sidan 1989. Enkelte kritiske røyster seier at litteratur som er god, men krev meir av lesaren, ikkje like lett når opp i konkurransen. Augustprisen går ofte til historieforteljarane og dei store episke romanane – romanar som når breitt ut, litteratur som er elska av både kritikarar og publikum, og som lagar ventelister på biblioteka.

Det er bøker som er vanskelege å legge frå seg, bøker ein gler seg til halde fram med, bøker som lever med ein etter at dei er ferdiglesne, og som ein rår andre til å lese. Det er bøker som bergtek og begeistrar, bøker ein hugsar ein har lese, og gjerne les på nytt.

Dei fremste forfattarane

Det er prisløna forfattarar som får Augustprisen, og ikkje mindre enn tre av dei: Göran Tunström,  Per Olov Enquist og Kerstin Ekman, er også vinnarar av Nordisk råds litteraturpris. Mange er nominerte med fleire bøker både til Augustprisen og Nordisk råds litteraturpris utan å nå heilt opp. Det er Sveriges fremste forfattarar som tevlar om desse gjeve prisane.

Den einaste boka som figurerer på begge listene er den uhyggelege boka Hendelser ved vann (bibsok.no) av Kerstin Ekman. Romanen handlar om ei kvinne som flyttar til kjærasten i ein liten by i Nord-Sverige. Hendingane i boka er konsentrerte om eit dobbeltdrap og dei trauma morda får for menneska som bur i bygda. For bibliotekarar med sans for system har denne hybriden av ei bok vore til bry, kva hylle skal den stå på:  Er det ei krimbok, ein utviklingsroman eller kritisk samfunnsanalyse? Sikkert er det at romanen har fortent alle dei høgthengande litterære prisane han har motteke.

Livet i lys og skugge

Per Olov Enquist er den einaste som har teke imot Augustprisen to gongar, i tillegg til Nordisk Råds litteraturpris. Når han også har fått fem andre romanar nominert til Augustprisen, er det nært eit heilt forfattarskap som er heidra.

I 1999 fekk Enquist Augustprisen for Livlegens besøk (bibsok.no) 30 år etter at han mottok Nordisk Råds litteraturpris for Legionærene (bibsok.no).Livlegens besøk hentar som mange andre av Enquist sine bøker, handling frå det verkelege liv. Her møter vi den reformvenlege livlegen Johann Friedrich Struensee, som får stor innverknad og makt over den mentalt forstyrra kong Christian VII. Når Struensee si affære med dronninga kjem for ein dag, får kritikarane endeleg has på han. Det heile ender med Struensee vert avretta og dronninga landsforvist.

I 2008 fekk han prisen for den sjølvbiografiske romanen Et annet liv (bibsok.no). Det er ei bok der Enquist er varsam med folk kring seg, og han utleverer ikkje andre enn seg sjølv. Historia om eit liv, der alkoholen etter kvart spelar ei stor rolle, er eit meisterverk og ei stor lesaroppleving.

Desse fire prisvinnarane: Per Olov Enguist, Kerstin Ekman, Göran Tunström og Torgny Lindgren, alle fødde kring  1930-talet, tilhøyrer gullalderen i svensk litteraturhistorie. Dei er alle eminente og særeigne forfattarar frå små bygdesamfunn, som har skrive store historier om levd liv, kjærleik og død.

Magisk realisme og populærmusikk

Men det gror godt etter desse i det litterære landskapet i broderlandet. Alt før Enquist fekk sin første Augustpris, vann den noko yngre Majgull Axelsson prisen for Aprilheksen (bibsok.no), ein roman som høyrer til i sjangeren magisk realisme.  Boka handlar om Desiree. Ho er ei multihandikappa, men clairvoyant kvinne, som alt som lite barn blir plassert i ein institusjon. Mora tek etterkvart til seg tre andre jenter, og ved hjelp av magiske evner grip Desiree inn i liva deira. Ho vil vete kven av dei som har stole livet hennar.

Nokre år seinare, i 2000, får svensk-finske Mikael Niemi prisen for Populærmusikk fra Vittula (bibsok.no). Boka var forfattaren sin debutroman, og i tillegg til Augustprisen vart den innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Den enorme populariteten er lett å forstå, og i grunngjevinga til juryen blei det m.a. sagt: «Denne boka gjer Sverige både større og meir morosam». Ramma for boka er Matti  og oppveksten hans i byen Pajala i den svensk-finske Tornedalen. Som andre gode oppvekstromanar  inneheld boka element av sår nostalgi, men mest av alt er det frodig og fornøyeleg humor som pregar forteljinga.

Jødisk historie

I 2009 er det Steve Sem-Sandberg og romanen De fattige i Lodz (bibsok.no) som stikk av med sigeren. I denne dokumentarromanen er humoren fråverande, boka er ei usentimental forteljing om det degenererte og groteske livet i gettoen i Lodz under 2. verdskrigen, der det likevel finst  håp og vilje til å overleve. Dyster tematikk og stort persongalleri fører til at dette er ei av dei tyngre bøkene å lese.

Jødekvartalet i Lodz vart seinare avvikla enn andre gettoar, men sommaren 1944 vart dei siste 77.000 overlevande sende til Chelmno og Auschwitz. 877 av desse kom levande frå leirane.

Finurlege forteljingar

I 2010 er det Sigrid Combüchen sin tur til å trekke det lengste strået. Spill (bibsok.no) er ein omfangsrik roman, svært elegant og sofistikert skriven. Boka handlar om den aldrande lesaren Hedwig Langmark, som skriv brev til forfattaren om ei bok ho meiner handlar om seg sjølv. Brevskrivinga mellom lesar og forfattar, med diskusjon kring skildringa av lesaren sin barndom og ungdomsår, dannar ramma for denne finurlege romanen.

Finurleg er også Lena Andersson sin roman Rettsstridig forføyning (bibsok.no). Boka spelar på det gjenkjennelege: desperasjonen som rir kvar den som har vore forelska, når heftige kjensler ikkje i like stor grad vert gjengjelde. Boka om den elles fornuftige Ester er fornøyeleg, med skildringar der all logikk og fornuft forsvinn når kvart teikn frå den utkåra skal analyserast og tolkast til det beste for den forelska.

Ester treff vi att i boka Uten personlig ansvar (bibsok.no). Ho har ikkje lært noko frå føre nasegrus forelsking, og kaster seg hemningslaust inn i eit nytt håplaust kjærleiksforhold.

Ulykke eller sjølvmord?

Jonas Hassen Khemiri vinn prisen i 2015 for romanen Alt jeg ikke husker (bibsok.no). Ein ukjend forfattar prøver å pusle saman historia om Samuel, ein ung man som døyr i ei bilulykke. Er det ei ulykke, eller er det eit sjølvmord? Gjennom intervju med menneska kring Samuel, vert det teikna vakre bilete av venskapen med Vandad og det intense kjærleiksforholdet til Laide. Boka bevegar seg på ulike tidsplan, og mange får kome til ordet med forskjellige perspektiv på sanninga. Likevel er det lett å halde tråden i dette portrettet av ungt liv og hendingane som fører fram til dødsfallet.

Ein poetisk dokumentar

Når Trysilelva renn over grensa til Sverige og Värmland, vert den til Klaraälven, og ved elva ligg den vesle bygda Osebol. Forfattaren Marit Kapla har djupneintervjua nærast alle dei vaksne innbyggjarane, og laga ein sjangeroverskridande murstein av ein roman med 42 stemmer. Sjølv ynskjer ho å kalle boka ein poetisk dokumentar. Osebol (bibsok.no) er eit litterært eksperiment, men forfattaren har lukkast. Dette er ei nydeleg bok, eit kulturminne i poetiske ordelag om ei fråflyttingstrua bygd i utkant-Sverige, boka er ein verdig vinnar av Augustprisen i 2019.

Det skal jag tala om för dig

att mitt liv har varit som Värmland.

Berg och dalar.

Det har gått upp och ner.

Neste prisutdeling i november

I november vert Augustprisen for 2021 delt ut. Det er å tru at det også i år vert ei svært så leseverdig bok som går av med sigaren.

Svenska Förläggareföreningen har delt ut Augustprisen til beste svenske skjønnlitterære roman sidan 1989.  I 1992 kom det i tillegg to nye kategoriar: årets svenske sakprosabok og årets svenske barne- og ungdomsbok. Prisen kan ha sin parallell i den norske Brageprisen.

Alle forlag kan nominere bøker til Augustprisen, og ein jury av bibliotekarar, litteraturkritikarar og bokhandlarar plukkar ut seks titlar i kvar kategori for ei ny avstemming.

Nettstad for Augustprisen (augustpriset.se)

Sigrid Furnes, Bibliotekutvikling Vestland