Tekstar om livet | Øygardsbiblioteka
Elena Ferrante boktips
Elena Ferrante boktips

Tekstar om livet

22.03.20
Ny bok av Elena Ferrante

Elena Ferrante
«Eit år med Elena Ferrante»

På oppmoding frå avisa The Guardian skulle Elena Ferrante gjennom eit år skrive eit «mini-essay/petit/spalte» ein gong i veka. Ho tok utfordringa, men på eitt vilkår; at ho fekk ei liste med spørsmål frå redaksjonen som ho så skulle halde seg innanfor.

Som oftast er slike petitar/spalter døgnfluger. Kunne det no bli ei bok av desse etterpå?

Ferrante har nok sjølv vore usikker på om bokprosjektet var mogeleg å realisere. Vi leserar skal vera glade for at det blei ei bok av spaltene.

For meg som lesar av Ferrante, ligg hennar styrke i vekslinga mellom røyndom og fiksjon, mellom sjølvopplevd og stoff frå fantasiens brønn .

At ho i tillegg er ein språkleg virtuos og sjølv set språket som den viktigaste markøren for tilhøyrsle, bør ein ha i tankane når ein les boka.

Langt dei fleste av spaltene har «Eg» med i første linje. Vi forstår at dette Ferrante skriv om, er sjølvopplevd eller heller eit ynskje om at det skulle ha vore. Mange av tekstane er om kvinner og feminisme, det å vera mor, band som må løysast frå mor/barn og seinare i livet atter knytast. Mellommenneskelege forhold er tema i eit par av tekstane. Kort sagt, livet vi lever no, har levd og det livet vi ønskjer å leve.

Ferrante hyller ikkje berre språket som nasjonal dialog , men seier òg at «omsetjarar er dei einaste heltane mine».

Det er eit stort kompliment til Kristin Sørsdal som har omsett denne boka og romanane til briljant nynorsk.