Oppgjer med jødehatet | Øygardsbiblioteka
Boktips Det norske jødehatet Bjørn Westlie
Boktips Det norske jødehatet Bjørn Westlie

Oppgjer med jødehatet

24.03.20
Vert vi nokon gong ferdige med 2. verdskrigen? Rett svar på spørsmålet er nei.

Bjørn Westlie:
Det norske jødehatet

Vert vi nokon gong ferdige med 2. verdskrigen? I desse dagar er det 80 år sidan tyske styrkar hærsette Noreg. Og rett svar på spørsmålet er nei.

Korleis stod det til med den jamne nordmann sitt syn på jødane? Marte Michelet har sett søkelyset på heimefronten. Kva visste dei om jødedeportasjonane? Dei visste, men brydde seg ikkje, skriv Michelet i boka si. Sjølvaste heimefronten, dei grommaste mellom heltar, står ikkje stødig på sokkelen lenger. Ein ny generasjon forskarar, fødde og utdanna lenge etter krigen, ser med nye og uhilda auge på mykje av det som skjedde under okkupasjonen. Slikt vert det bråk av.

Sist ute er Bjørn Westlie: Det norske jødehatet. Boka hans dokumenterer langt på veg at jødehatet ikkje var avgrensa til dei rabiate nazistane og dei norske medløparane deira. Hatet stakk langt djupare. Westlie har hatt mykje glede av Nasjonalbiblioteket sitt digitale avisarkiv. Han viser kva vi kanskje alt visste, at nazisympatien med godt innbakt jødehat, var meir regelen enn unntaket i norsk presse, ikkje berre i 30-åra, men og langt inn i okkupasjonen.

No var alle aviser (med unntak av dei illegale) nazistyrde. Sensuren var beinhard, stundom detaljert ned til det latterlege. Norsk artikkelteneste (NAT) sende ut mengde av artiklar fulle av grovaste jødehat. Det meste kom på trykk i avisene. Redaktørane bøygde av for naziveldet.

Jødehatet har parallellar inn i vår tid. Jødane ville overta Europa, det var ein kamp om verdsherredømet.

I min oppvekst lærde vi at det var kommunistane som ville leggja verda under seg.

Men tilbake til verdskrigen. Propagandeministeren heitte Gulbrand Lunde. Men då han drukna utafor ein ferjekai på Møre, overtok Rolf Jørgen Fuglesang:

Nordmennene hører til den nordiske folkeætt, derfor er jødedommen en dødelig fare for oss. De som ikke vil forstå dette, og som øver innflytelse på det norske folk, må vekk. Diskusjonenes tid er forbi.

Og etter dei kom muslimane.

 

Boka kan lastast ned på bibliotekappen BookBites

 

  

.