Boktips: Vintertonar, Anders Totland

06.02.20
Med få og enkle ord maner Totland fram situasjonar som er både såre og vakre i bøkene sine...


Anders Totland …kokk, journalist, forfattar og mykje meir.
Våren 2016 kom undomsromanen «Engel i snøen» Om livets brutalitet. Knallsterk og vakker. For denne vart han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris. Alt hausten etter i 2017 kom boka «Så lenge ingen ser oss» Om overgrep mot ein gut. I 2018 fulgte «Nedteljing». En fengslande og dramatisk historie om kor fort livet kan endra seg. Alle tre fine aktuelle ungdomsbøker.

I 2019 kom ei ny bok frå Totland, denne gongen ein vaksen roman «Vintertonar».

Kan ein reparere ein knust familie? På ny kastar Anders Totland seg inn eit tabuområde: mishandling i nære relasjonar. Fysisk mishandling av ei mor og psykisk mishandling av ein ung gut. Med gripande og tankevekkjande skildringar får Totland fram den spente og fortetta stemninga som rår i familien. Totland fortel ikkje alt i boka, noko er framleis løgn, sanning og løyndommar.
Med få og enkle ord maner Totland fram situasjonar som er både såre og vakre i bøkene sine. Den lågmælte tonen gjer bøkene sterke å lese og etterlet inntrykk hos lesaren.