Boktips: Best å holde kjeft?, Frank Rossavik | Øygardsbiblioteka

Boktips: Best å holde kjeft?, Frank Rossavik

17.02.20
Frank Rossavik har skrive ei lita bok om ytringsfridom. Han spør om det er slik at ytringsfridommen, slik vi kjenner den som demokratiets berande premiss, no er sett under eit press vi ikkje ser konsekvensane av?

Frank Rossavik har ein bakgrunn som gjer han til ein sentral samfunnsdebattant. Han er journalist, for tida er han kommentator i Aftenposten der Trine Eilertsen sit som sjefsredaktør. Dei to har ei sams fortid i Bergens Tidende. Han har vore styremedlem i Fritt Ord og hatt plass i Kringkastingsrådet. Han er open homofil med  sterkt nedsett høyrsel. Den mannen har noko å fortelja oss om ytringsfridom og toleranse.

Den vesle boka han no er ute med, gjev oss ikkje svar på alle dei vanskelege og viktige problema knytt til ytringsfridom. Men vi får presentert ulike sider og synspunkt på eit saksområde som er omgitt av finurleg jus, etikk og folkeskikk.

Er det ein menneskerett å krenke dei vi ikkje likar? Rossavik ser skilnaden mellom å krenke idear og tankegods ( som kristendom og islam) og krenking av einskildpersonar. I praksis vert dette skiljet dessverre nokså teoretisk.

Tittelen på boka, Best å holde kjeft, tangerer eit paradoks oppe i all krangel og debatt om ytringsfridom. Når dei mest rabiate herjar i kommentarfelta, så opplever vi at dei knapt toler å bli motsagt før dei ropar på ytringsfridommen. Vi veit vidare at mange av offera ikkje vågar å gå ut offentleg med meiningane sine etter å ha blitt bombardert av nettrolla. Då er det best å halde kjeft. Slik kveler dei viktige røyster som vi sårt hadde trengt.  

Det er nok slik at vurderingar rundt ytringsfridom lett blir «på den eine sida og på den andre sida» . Dei som trur dei har alle svara, bør lesa Rossavik. Vi som famlar oss fram utan bastante svar, bør lesa Rossavik.

Det må vera lova å nemne at eg fann særskilt hugnad i å lese det han skriv om å vere tunghøyrd. Å sitja i ei forsamling der det er invitert til debatt utan å høyre kva som blir sagt, det er å oppleve innskrenka ytringsfridommen. Det er til å bli skikkeleg arg av når ei teleslynge ville ha gitt slike som Rossavik og eg høve til å ta ordet i forsamlinga.

Boka startar med ein sitat av Rowan Atkinson. Eg tek med litt av det (oversett til norsk)
"Retten til å krenke er langt viktigare enn retten til ikkje å bli krenka.
Retten til å latterleggjere er viktigare for samfunnet enn retten til ikkje å bli latterleggjort."

Akkurat, enkelt er det ikkje. Les boka sjølv.