Wikipedia

Tilgang
Fri tilgang
Wikipedia er eit nettleksikon som er oppstått som eit gigantisk dugnadsprosjekt.

Både ekspertar, gode amatørar og ikkje fullt så gode amatørar er med og redigerer. Dette er både ein styrke og svakheit ved leksikonet, men det er gode rutinar som plukkar vekk reine sabotasjeforsøk. I motsetnad til andre leksikon blir kontroversielle artiklar merka slik at lesaren blir oppmoda til å lesa kritisk. Språkvariasjonen er òg ein styrke - går du inn på ein artikkel kan du sjå alle språk han finst på og sjekka dei språka du kan.