Filmoteket

Access
Hjemmefra
Bruk lånekortet ditt og få tilgang til norske og utanlandske filmar direkte på pc’en heime.

Filmoteket er biblioteka si eiga filmstrøymeteneste. Her finn du filmar både for barn og vaksne, unge og eldre, spelefilmar og dokumentar, norske og utanlandske.

Du kan låne inntil 4 filmar i månaden og får tilgang til filmen i 48 timar. Då kan du sjå han så mange gonger du vil.

Filmoteket er ei strøymeteneste. Du kan derfor ikkje laste ned filmen, men strøyme via internett. Du kan sjå filmen på PC, Mac, nettbrett og smarttelefon med Windows, iOS eller Android, og nytta alle vanlege nettlesarar. Filmen kan overførast til større skjerm via Chromecast og AirPlay.

Du må ha eit nasjonalt lånekort og registrere deg på Filmoteket (www.filmoteket.no) for å kunne bruke tenesta.

 Slik gjer du det:

  1. Gå til www.filmoteket.no
  2. Velg Logg inn i menylina
  3. Klikk på Registrer ny bruker.
  4. Tast inn lånekortnummer og pinkode/passord. Du brukar same pinkode som du brukar til å logge inn på Øygardsbiblioteka si nettside. Du må ha eit nasjonalt lånekort for å nytte tenesta.
  5. Fyll inn epostadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du skal logge inn på Filmoteket.
  6. Du får tilsendt ein epost som stadfestar kontoen. Sjekk e-posten din, og bekreft denne.
  7. Du er klar til å låne ein film i Filmoteket!

 

Har du ikkje nasjonalt lånekort? DU kan opprette det her:

lenke til nasjonalt lånekort,

Tags
Relaterte materialer