BookBites
Ein ny versjon av appen vat lansert i august 2021. Det kan vere lurt å slette den gamle BookBites-appen før du lastar ned den nye. Du finn han i App Store og på Google Play.
Dette er BookBites
Meir om BookBites-appen finn du her
Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.
Korleis gjer eg det?
Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les
Treng du hjelp?
Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites
Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.
Kvifor BookBites?
Då BookBites kom på marknaden, ville vi teste om den hadde nokre fordelar for e-bokbrukarane. Bookbites har funksjonar som skal støtte opp under den gode leseopplevinga, og motivere deg til å lese vidare. Appen har også integrerte hjelpemiddel for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi.
Utvalet er som før den nye versjonen
Alle bøkene vi hadde tilgang til, er også tilgjengelege i "nye" BookBites.
Det er nasjonale avtalar som ligg til grunn for at vi får låne ut e-bøker og digitale lydbøker. Bøker som er nyare enn to år, kjøper vi inn i pakker på 10 utlån/lisensar. Når alle utlåna i pakkane er brukt opp, vil den neste lånaren ikkje finne boka.
E-bøker
Når det gjeld e-bøker som er meir enn to år, har du tilgang til dei fleste e-bøkene som er utgjevne på norske forlag, så lenge biblioteka har pengar att på budsjettet. Når budsjettet er tomt, vil mange av titlane forsvinne. Ved neste månadsskifte dukkar dei opp att.
Digitale lydbøker
Lydbokutvalet er veldig lite. Dette kjem i hovudsak av at forlaga er motviljuge mot å selje digitale lydbøker til bibliotek.
Mange ønsker å sjå ei oversikt over alle lydbøkene dei kan låne. Det er ikkje nokon brukarvenleg måte å gjere dette på akkurat no. Utviklarane jobbar med saka, og i mellomtida kan du prøve ei nødløysing: Skriv inn * (ei stjerne) i søkefeltet og søk. Når du får fram trefflista, vel du øyretelefon-ikonet. Da skal du sitte att med ei liste over lydbøkene. Denne nødløysinga verkar på dei fleste nyare telefonar/nettbrett.