Reparasjonskafé for klede
Denne hausten fortset vi med reparasjonskafe ein gong i månaden, med "kafévert", skreddar og redesignar Sabine Gottwald:
18. september
9. oktober
6. november
4. desember
Sabine har allereie hatt ein del sykurs og føredrag hos oss, og er ein engasjert og kunnskapsrik person som liker å ta vare på det som finst frå før, og gje nytt liv til gamle tekstilar.
Dette er et lågterskel tilbod som krev minimalt med førehandskunnskap, det er berre å møte opp!
Inga påmelding. Vi har nokre symaskinar tilgjengelege, men ta gjerne ditt eige utstyr med, for å bli meir trygg på dette.
Vel møtt!
Repair cafe for clothing
Learn to mend clothes! Bring one or more garments you want to fix! We have the equipment and the knowledge, and you can borrow sewing machines.
Tenk ombruk! Ta vare på det du har, og reparer det du kan.
Reuse, repair, upcycle!