Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 13:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Putins krig mot russiske medier

Korleis er det å vere journalist i dagens Russland? Kva skjedde med dei uavhengige journalistane som vart igjen då “alle” andre reiste? Og korleis skal me som naboland støtte opp rundt dei mange tusen opposisjonelle som har flykta Russland?

Lenge før Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina natt til 24. februar 2022, var russiske styresmakter i gang med sin krig mot uavhengige russiske medier. Men det som skjedde i vekene etter at krigen i Ukraina var sett i gang manglar sidestykke i historia: På kort tid var det innført militær sensur. Uavhengige radio- og TV-kanalar vart stengt og journalistane som jobba der flykta landet. Det er no ulovleg å omtale krigen i Ukraina som ein krig. Internasjonale nyheitsmedium er blokkerte i Russland. Skriv du objektivt om krigen, risikerer du fleire års fengsel. Og på det statskontrollerte TV-kanalane spyr propagandistar ut hat og løgn om Vesten, Europa, Nato - og Noreg.

Korleis er det å vere journalist i dagens Russland? Kva skjedde med dei uavhengige journalistane som vart igjen då “alle” andre reiste? Og korleis skal me som naboland støtte opp rundt dei mange tusen opposisjonelle som har flykta Russland?

Amund Trellevik (40) er frå Sotra, men har budd i Nord-Noreg sidan 2012. Han har bakgrunn frå fleire mediehus både i sør og nord, blant anna Dagsavisen, Aftenposten, NRK, Nordlys og Finnmarken. Trellevik har studert og arbeidd i Russland i fleire år. I dag arbeider han som journalist i det internasjonale gravenettverket Investigate Europe.

Velkomen til foredrag om situasjonen for uavhengige medier i Russland på Straume bibliotek, onsdag 2. oktober klokka 12:00. Det blir sjanse til å stille spørsmål.

Foto: Ole Aasheim