Det blåøyde riket av Nina Witoszek og Eva Joly.

02.01.24
Det blåøyde riket - norske tillitspatologier. Av Eva Joly og Nina Witoszek. Omtalen er skrive av Sverre Bungum

Er du mett og lei av lesestoff og gamle filmar overfylte av hygge og kos? Kjenner du veksande trong for noko nytt, meiningsfylt og sterkare?
Då kan «Det blåøyde riket» vere noko for deg.

Nina Witoszek kom til Norge på 1980-talet og arbeider i dag som historikar ved universitet i Oslo. Slik kommenterer ho overgangen frå Polen til Norge:
«Man ble sjokkert over at nordmenn trodde på det som sto i avisene og det som ble sagt av politikerne» Det er dette boka handlar om. Om den norske tilliten, om den naive tilliten. Og samanhengen mellom tillit, lukke, makt og rikdom.

Eva Joly er norskfødt fransk politikar og vi kjenner henne frå år tilbake som  hardtslåande korrupsjonsjeger. Tillit fungerer som visse næringsstoff. Får vi for lite, vert vi sjuke. Får vi for mykje, kan det ta livet av oss. Tillitskrisa i Norge handlar ikkje at vi manglar tillit til makt og styring, men at vi tvert om lid av den kollektive sjukdommen overtillit. Tillitspatologiar kallar forfattarane det.Når noko går rett gale, når eit svakt regelverk vert misbrukt (som reglane for bustader til stortingspolitikarar) , vert vi fortalde at «systemet var tillitsbasert». Då trengst det ingen kontroll, det er betre å la vere og ha det koseleg, fortel boka oss.

Så tek dei føre seg dei heilt store sakene, som Equinors vitlause satsing i USA med 200 milliardar i tap, som Nicolai Tangen sin akrobatikk på topptur i Oljefondet, som Transocean- skandalen og med eit avsluttande høgdepunkt, eit forrykande crescendo: Terje Rød Larsen. Og alt dette og meir med kunne skje i ly av den grenselause tilliten aktørane hadde. Frå Storting og styringsverk, frå det norske folket.  

Eg har alltid hatt El Capone som min favorittgangster og avsluttar med eit sitat eg fann i boka. Slik skal den legendariske kjeltringen ha sagt det: «Eg er forundra over at så mange menneske vert kriminelle når det er så mange lovlege måtar å vere  uærleg på»